Om prosjektet

Søreidegrenda er eit nytt bustadprosjekt på Sandane. Prosjektet består i første omgang av 5 leilegheiter på eit plan i varierande størrelse. Leilegheitene har livsløpstandard og ligg i et spennande voksande boligfelt på Søreide. Feltet består av eksisterende bustader samtidig som det er et nytt og spennande utbyggingsområde. Området er barnevennleg og er ein triveleg plass å bu enten ein er ung eller eldre, med eller utan barn. Her kan ein nyte stillheita i rolege og landlege omgivnader og med nærheit til både fjorden, fjellet og skogen.

Samtidig er det kort veg til Sandane sentrum med alt det sentrum har å tilby.

Situasjonsplan, planteikning og illustrasjonsplan

Om leilegheitene

Leilegheitene er gjennomgåande lyse og lette med god standard og moderne fargar og materialval. Lys einstavs eikeparkett på golv, lyse slette flater i tak og veggar og med listefri overgong mellom vegg og tak. For stove/kjøkken og soverom er det også listefrie vindaugskarmar og dørkarmar. Tiltalande kjøkkeninnreiingar frå Aubo med integrerte kvitevarer. Lekre bad i delikate fargar med flis på både golv og vegg, vegghengt wc, og vask i skuffeinnreiing. Dei fleste bad har innfellbare dusjveggar. I tillegg har alle leilegheitene romsleg terrasse med utgang frå stove, det vert oppført leveggar mot nabo som gir ein skjerma uteplass. Golvvarme i alle golv bortsett frå soverom og boder.

Leilegheitene er klar for innflytting – ta kontakt med oss i dag dersom du ønsker å ta ein nærmare kikk på desse flotte leilegheitene!