Personvernerklæring

Personvernet ditt er viktig for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS. All behandling av personopplysningar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS skal følgje personvernregelverket som til ei kvar tid er gjeldande, med dette også GDPR-forordninga og personopplysningslova.

I denne personvernerklæringa gir vi deg informasjon om korleis vi samlar inn, brukar og vernar personopplysningane dine og kva rettar du har.

Erklæringa gjeld for følgjande nettstader: soreidegrenda.no.

Kontorstadene våre er: Florø, Førde, Nordfjordeid, Sogndal og Stryn.

Kven er behandlingsansvarleg

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er ansvarleg for behandling av personopplysningane.

Ansvaret for den daglege behandlinga av personopplysningane er lagt til fagansvarleg.

Korleis kan du kontakte oss

Besøksadresse
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS
Langebruvegen 12
6800 Førde

Postadresse
Pb. 113
6801 Førde

Alternative adresser er eit av lokalkontora våre i Florø, Nordfjordeid, Sogndal eller Stryn.

Organisasjonsnummer: 929 014 642
E-post: personvernombod@ssf.no
Telefon: 57 82 96 00

Kva er personopplysningar

Personopplysning er ei kvar opplysning som kan knytast til deg som einskildperson, slik som namn, fødselsdato, personnummer, adresse, telefonnummer, e-postadresse, IP-adresse, bilnummer, bilete, fingeravtrykk, hovudform for attkjenning av ansikt og irismønster i auga.

Det kan også vere at ei opplysning i seg sjølv ikkje er ei personopplysning, men som sett saman med andre liknande opplysningar kan identifisere ein person. I så fall er dei også samla sett rekna for å vere personopplysningar.

Kvifor behandlar vi personopplysningane dine

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS behandlar personopplysningar til følgjande formål:

for å oppfylle avtalar med kundar om å selje og kjøpe fast eigedom eller i samband med oppgjers-/kontraktsoppdrag
for å marknadsføre fast eigedom
for å marknadsføre tenestene til føretaket, slik som salsoppdrag, oppgjersoppdrag og verdivurderingar
som ledd i kontrolltiltaka til eigedomsmeklingsføretaket
Døme på opplysningar vi samlar inn er:

Informasjon som identifiserer deg: personnummer og namn. Dette er informasjon som vi er pliktige til å innhente og dokumentere i form av kopi av legitimasjonsdokument
Kontaktinformasjon: telefonnummer, e-post, adresser og postnummer.
Finansiell informasjon: vi er pålagt å dokumentere opphavet til pengane som ein skal kjøpe eigedom for etter kvitvaskingsregelverket for å hindre kvitvasking og terrorfinansiering.
Andre døme: kommentarar, samtykker, informasjon om kvar ein førespurnad kjem frå, registreringsdato, bustaden du sel eller er interessert i.
Når du har vore i kontakt med oss, kan det vere at vi spør deg om korleis opplevinga di var. Dette gjer vi for å kunne gje deg som kunde endå betre produkt og tenester. Med hjelp av tilbakemeldingane kan vi også måle effekten av forbetringstiltak. Dersom du ikkje vil dele denne typen opplysningar med oss, kan du la vere å svare på undersøkinga vi sender til deg.

Frå kven og korleis samlar vi inn personopplysningane dine

Vi samlar inn personopplysningane dine frå følgjande kjelder:

Frå deg i samband med:

  • oppretting av kundeforhold i oppdragsavtale
  • behandling av interessentlister og bodgjeving
  • elektronisk via nettstadskjema på heimeside, Webmegler (fagsystem), via meklarar, marknadsplass for eigedom eller tenester/tenesteleverandørar

Frå ei offentleg tilgjengeleg kjelde, som for eksempel:

  • Det sentrale folkeregisteret
  • Brønnøysund registeret
  • Eiendomsverdi AS (verdisetting av fast eigedom og e-takst)
  • Statens Kartverk (grunnboka)
  • Infoland (kjelde til eigedomsinformasjon)
  • Kommune

Frå ein tredjepart, som for eksempel:

  • Leverandørar av tenester som hentar inn tilbod på meklartenester frå fleire på same tid (anbodstenester)
  • Sosiale media
  • Kommersielle informasjonstenester som leverer informasjon om blant anna reelle rettigheitshavarar eller politisk eksponerte personar
  • Finansrådgjevarar
  • Opplysningar frå kjøparar av fast eigedom

Frå informasjonskapslar (cookies):
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på kommunikasjonsutstyret ditt når du besøkjer nettsida vår.

Det er ein informasjonskapsel – ei lita tekstfil som blir lagra på PC-en din, vanlegvis gjennom bruk av nettlesar. Det er ein standard teknologi som omtrent alle nettstader brukar. Den inneheld ikkje virus eller skadeleg programvare. Informasjonskapslane har to formål; eit for analyse og eit teknisk.

Analytisk formål: Den samlar informasjon om korleis nettstaden vår blir brukt, altså statistiske data utan direkte personopplysningar. Dei innsamla opplysningane er anonyme og kan ikkje sporast tilbake til deg som brukar.

Tekniske formål: Formålet er å gje deg tilgang til å nytte nettsidene våre, og gje oss grunnlag for å forbetre funksjonaliteten til nettsidene.

Desse informasjonskapslane brukar eigedomsmekling.no:

  • ACOOKIE, WT_FPC – frå Webtrends: Statistikk som viser korleis besøkande bruker nettstaden.
  • _uma,_utmb,_utmc,_utmt,_ utmz – frå Google Analytics: Statistikk som viser korleis besøkande bruker nettstaden.
  • Informasjonskapslar frå Facebook Tracking Pixel. Sjå Facebook sin artikkel om informasjonskapslar.

Med overvakingskamera
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er samlokalisert med Sparebanken Sogn og Fjordane sine kontor, og banken har overvakingskamera som overvaker desse kontora for å førebygge og avdekke straffbare handlingar. Slike opptak vil bli sletta automatisk tre månader etter opptakstidspunktet, med mindre dei er utleverte til politiet, eller banken har rett til å behandle bildeopptaket til anna formål.

Det kan vere både frivillig og pliktig å gje personopplysningar
Frivillige personopplysningar er for eksempel e-postadresse og mobiltelefonnummer.

Pliktige personopplysningar er for eksempel personnummer, namn og adresse.

Følgjene av ikkje å gje frivillige personopplysningar
Dersom du let vere å gje oss frivillige personopplysningar, kan vi ikkje kommunisere med deg på e-post, og vi kan såleis ikkje nå deg kjapt med opplysningar som går på endring av opplysningar om eigedom, bod og liknande. Utan denne kommunikasjonsplattforma kan vi heller ikkje syte for at du vert oppdatert med relevant informasjon.

Følgjene av ikkje å gje personopplysningar som du pliktar å gje
Følgjene av ikkje å gje oss dei pliktige personopplysningane nemnt over er at du ikkje kan bli kunde i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS.

Kor lenge lagrar vi personopplysningane dine?

Personopplysningar vil ikkje bli lagra lenger enn det som er naudsynt for å oppfylle føremålet med behandlinga eller lovpålagte plikter vi har, til dømes pålegg eigedomsmeklingsforskrifta oss å oppbevare alle dokument som er mottekne eller utarbeidde av føretaket i samband med det enkelte oppdrag i ti år.
Vidare vil vi slette personopplysningar om deg dersom du ber oss om det, med mindre vi har ei lovpålagt plikt eller anna rettsleg grunnlag til å oppbevare personopplysningane vidare.

Får andre tilgang til personopplysningane dine?

Vi deler personopplysningane dine med offentlege myndigheiter i den utstrekning det er naudsynt for å oppfylle våre rettslege plikter.
Vi deler også personopplysningane med våre leverandørar i den utstrekning det er naudsynt for å yte teneste til deg. Døme på slike kan vere leverandørar av fototenester (fotografering, redigering, drone), takstmenn, stylistar, forsikringsselskap (boligsalforsikring, boligkjøpforsikring og ansvarsforsikring), og tilbydarar av marknadsføringstenester.

Bruk av databehandlarar

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS inngår databehandlaravtalar med alle verksemder som behandlar personopplysningar på vegne av oss. Våre databehandlarar kan ikkje behandle personopplysningane dine på anna måte enn slik som er avtalt med oss og beskrive i denne personvernerklæringa.

Kvar vert personopplysningane dine lagra?

Personopplysningar som blir behandla av Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS vert lagra på serverar i Norge eller EU.

Rettar

Du har rett til innsyn i og korrigering eller sletting av personopplysningar eller begrensing av behandlinga som gjeld deg sjølv, eller til å protestere mot behandlinga samt rett til dataportabilitet. Vidare kan du til ei kvar tid trekke tilbake eventuelle samtykke til behandling av personopplysningane dine.
Du har også rett til ikkje å være gjenstand for ei avgjerd som berre er basert på automatisert behandling som har rettsverknad for, eller på tilsvarande måte i betydeleg grad, påverkar deg.
Dersom du meiner at vi behandlar personopplysningar i strid med lovverket kan du rette ei klage til Datatilsynet (post@datatilsynet.no).

Personvernombod

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er eit heileigd dotterselskap av Sparebanken Sogn og Fjordane
Vi har felles personvernombod med Sparebanken Sogn og Fjordane som gir rettleiing slik at personopplysningar blir behandla på ein god måte og i tråd med regelverket.
Har du spørsmål til korleis vi behandlar personopplysningane dine, innvendingar til behandlinga eller oppmoding om innsyn i opplysningar som er registrert om deg, kan du sende ein e-post til personvernombodet på følgjande e-postadresse: personvernombod@ssf.no eventuelt skrive til Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS, Pb. 113, 6801 Førde.
På Datatilsynet sine heimesider kan du lese meir om kva krav som blir stilte for behandling av personopplysningar.

Endringar

Dersom vi gjer endringar i denne personvernerklæringa, vil endringane bli publisert på denne nettsida 14 dagar før dei vert sett i kraft.